Vi følgjer nasjonal satsar, der ny makspris frå 01.08.19 er sett til kr 3 040,- for 100 % plass.
Det vert gjeven 30 % søskenmoderasjon for søsken nr 2, og 50 % moderasjon for søsken nr 3 el fleire.
I tillegg betalar foreldra kr 300,- i matpengar pr mnd. Det dekkjer smørjefrukost og smørjelunsj kvar dag + varmmåltid 1-2 gongar pr veke, fruktmåltid kvar ettermiddag og drikke til alle måltid.
Prisar barnehageplass frå aug 2019
Har du rett på redusert foreldrebetaling?
Du har rett på redusert pris om:
- maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 % av den samla inntekta til hushaldinga
- den samla inntekta til hushaldninga er lågare enn 548 500,-
Har du rett på gratis kjernetid?
Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.
Hushald med inntekt lågare enn kr 548.500 per år som har 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid.
Her kan du søkje om moderasjon i foreldrebetalinga