Retningslinjer for sjuke barn i barnehagen

Barn vert sjuke inni mellom, og mange er særskilt utsett det første året i barnehagen.

I utg.pkt er det alltid barnet sin allmenntilstand som avgjer om det kan gå i barnehagen eller ikkje.

I tillegg kjem spørsmålet om barnet bør vere heime for å unngå smittespreiing til andre.

 

Barnehagen ber om at foreldra føl utarbeidde retningslinjer v/sjukdom.

Er de i tvil - ta kontakt med barnehagen. Då kan vi komme fram til ei avgjersle i lag.

Barn som kjem i barnehagen, skal generelt vere utkvilde og friske når dei kjem, og kunne vere i leik både inne og ute.

 

Retningslinjer sjuke barn i barnehagen