Søkje om endring i opphaldstid

Ynskjer du å endre barnet si opphaldstid i løpet av barnehageåret, må du logge deg inn i foreldreportalen på www.vigilo.no og søkje om det der.

Vil du auke opphaldstida, og barnehagen har heilt fullt, må du vente til nokon barn evt reduserer opphaldstida eller seier opp plassen sin.

Vil du redusere opphaldstida, vert det rekna som ein oppsigelse av delar av barnehageplassen. Det er 2 mnd oppseiingstid frå den 01. i mnd som kjem, men dersom andre barn ynskjer å auke opp plassen sin, slepp du å betale ut oppseiingstida.

 

Veiledar på korleis søkje om endra opphaldstid i foreldreportalen i Vigilo