Ferie

Hovudferien om sommaren:

Skal meldast inn til barnehagen seinast 01.april kvart år i ebarnehage. Alle får tilsendt informasjon på epost om dette i god tid før fristen. Innmeldt ferie er i utg.pkt bindande.

Alle må ta ut minst 3 veker samanhengande ferie i perioden skuleslutt til nytt barnehageår startar.

Dersom barn skal ha 3 veker samanhengande fri i dei 4 vekene før skuleferien startar eller i dei 4 vekene etter nytt barnehageår har starta, kan ein søkje om å avvikle dei 3 vekene i fastsett ferieperiode enkeltvis (ikkje samanhengande). Fell delar av ferien innanfor fastsett ferieperiode og delar av den utanfor, må dei vekene som litt utanfor perioden, avviklast på nytt innanfor perioden, men kan søkjast om å avviklast enkletvis. 

 

Den 4.ferieveka:

Kan takast ut i samband med hovudferien, eller på eit valfritt tidspunkt i løpet av barnehageåret. Den kan takast ut som einskilddagar eller som ei heil veke.

Den 4. ferieveka skal meldast inn i ebarnehage minst 4 veker på førehand når feriedagane skal leggast til skulen sin haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie eller sommarferie. 

Skal dei 4. ferievekedagane leggast til andre tidspunkt enn dette, skal dei varslast seinast 2 veker på førehand i ebarnehage. 

Administrasjonen sender ut påminning om 4-vekersfristen i samband med haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie, der det vert opplyst om siste frist for registrering i ebhg for å få innmeld ferie godkjent som 4.ferievekedagar.

 

Sjå Seim barnehage sine vedtekter pkt 7 om ferie:

Vedtekter revidert mars 24